Følger
av lovbrudd
Gjenopptakingskommisjonen
- Fengsel
- Samfunnsstraff - Bot
- Påtaleunnlatelse
- Konfliktråd - Inndragning
- Forvaring - Benådning
- Strafferegistrering
- Politiattest(vandelsattest)
Gjenopptakingskommisjonen
Gjenopptakelseskommisjonen
er et uavhengig organ som skal ta stilling til om en
domfelt med en rettskraftig dom, skal få ny behandling
av sin sak i retten. Dersom kommisjonen beslutter en
sak gjenopptatt, skal saken henvises til ny behandling
ved en annen domstol enn den som avsa gjeldende dom.
Hovudgrunnlag
for å ta opp att saker:
Nye
bevis: Ei sak kan bli teken opp att når nye
bevis eller omstende synest eigna til å føre
til ei frifinning, ein mildare strafferegel eller ein
vesentleg mildare straffereaksjon.
I
strid med folkeretten: Ei straffesak kan òg
takast opp att om avgjersla eller sakshandsaminga i
samband med avgjersla er i strid med ein folkerettsleg
regel, på ein slik måte at det er grunn
til å tru at ei ny handsaming av saka vil gje
eit anna resultat.
Ulike
omstende: Vidare kan ein krevje at ei sak blir teken
opp att når nokon frå mellom anna påtalemakta,
domstolen, sakkunnig eller forsvarar i samband med straffesaka
har gjort seg skuldig i ei straffbar handling, eller
eit vitne har gitt falsk forklaring, og ein ikkje kan
sjå bort frå at den straffbare handlinga
har hatt innverknad på dommen.
Gjenopptakingskommisjonen,
leia av advokat Janne Kristiansen, vert lokalisert saman
med Justissekretariata i Teatergata 5, 0180 Oslo,
telefon: 22 99 13 00.
E-post: post@gjenopptakelse.no
Regjeringa
utnemnde i juni 2003 advokat Janne Kristiansen til leiar
for kommisjonen, og har no utnemnt følgjande
medlemmer:
· Fylkesmann i Vest-Agder, Ann Kristin Olsen
- fast medlem og nestleiar.
Faste
medlemmer:
· Professor i psykologi ved Universitetet i Oslo,
Svein Magnussen
· Ordførar i Trondheim, Anne Kathrine
Slungård
· Lagdommar i Hålogaland lagmannsrett,
Vidar Stensland
Varamedlemmer:
· Advokat Harald Stabell
· Avdelingsoverlege ved Ullevål universitetssjukehus,
Øystein Mæland
· Tingsrettsdommar ved Skien tingrett, Anne Elisabeth
Landsverk
|